Lindesnes Trekkspillklubb

Lindesnes Trekkspillklubb
Lindesnes Trekkspillklubb er klar for show på Byremo Scene onsdag 30. september 2026 kl. 18.00!

Vi stiller på scena med omlag 30 trekkspelarar, songarar og gitaristar. Vi lovar eit flott trekkspelshow med folkeleg musikk, godt humør og mykje speleglede.
Med oss på scena har vi òg fått med oss Torvald Stulien Lauen frå Byremo som gjesteartist. Det blir eit ekstra spennande innslag i showet, og vi gler oss stort til å ha Torvald med på laget.

Klubben feira i 2025 sitt 35-årsjubileum og har mykje spennande på gang. Gjennom åra har klubben gitt ut 19 CD-plater og heile 260 musikkvideoar, og klubben har halde om lag 3000 show.

Lindesnes Trekkspillklubb har halde show i Noreg, Danmark, Sverige, USA, Canada, Litauen, på Gran Canaria, på fastlandet i Spania og på Færøyane. Mange har òg sett TV-dokumentarane om Lindesnes Trekkspillklubb, som til saman har blitt sende 30 gonger på NRK riksdekkjande TV i løpet av ein tiårsperiode.

Klubben har ved to høve halde show i Den Norske Opera & Ballett, og har spelt heile 26 gonger i Grieghallen. I tillegg har klubben halde show i ei rekkje andre norske konserthus og på store og små scener både i Noreg og utlandet.

No gler vi oss stort til å kome til Byremo og gi publikum ein kveld fylt med trekkspel, song, musikk, gjesteartist og godt humør!

Velkomen til show på Byremo Scene onsdag 30. september 2026 kl. 18.00!

🎟️ Billettar kjøper du på F Ticket – sikre deg billett og bli med på ein fin kveld!

PRAKTISK INFORMASJON:
- Dørene åpner kl 17.30
- Konsertstart kl 18.00
- Parkering ved kommunale parkeringsplasser (tannlegekontor, skoler, parkering nede ved Byremo bedehus) Del på Facebook
30.09.26 18:00
Ends: 30.09.26 21:10
Sale starts in: -496883:19:36

Ordinær

kr 323,00
You do not need to refresh the page. The button to order tickets will be activated automatically when the countdown is finished.
Reservation expires in 15:00
+47

Order summary

Ticket type Quantity Price Fee Total