Vesterveg

+ folkemusikkjam og dans!
Vesterveg
Etter konserten med Vesterveg blir det folkemusikkjam og dans!

Eit energisk møte mellom norsk og britisk folkemusikk

Vesterveg er Ingrid Sørheim på toradar/durspel, Lisa Haugeland på feler og Bob Downham på fløyter og sekkepipe! Dei blandar norsk og britisk musikk til ein forrykande laupskaus og 16. september kjem dei til Påfyll i Stavanger!

"Vesterveg tar med lyttaren på ei musikalsk reise vestover: ved å miksa moderne og tradisjonelle slåttar frå Noreg og England skapar Vesterveg ein spanande kombinasjon av lyrisk og kraftfull musikk. Alt bygd på ein djup respekt for deira eigne tradisjonar." - Catriona Macdonald, String Sisters

Vesterveg blandar saumlaust originale arrangement med eldgamle tradisjonelle slåttar og moderne komposisjonar. Resultatet blir eit unikt og mangfaldig lydbilete ulikt alt anna. Gjennom å henta repertoar og musikalsk arv frå heile breidda av Skandinavia og dei britiske øyer, eksperimenterer Vesterveg med deira felles musikalske historie og miksar det beste frå musikarane sine tradisjonar.
16.09.24 19:00
Slutter: 16.09.24 22:30
Salget starter om: -479377:28:54

Vanlig

kr 200,00
Priser: Fticket:200, - / Student 150 I døra: 250, - / Student 200 Konsertstart 19:00 Dørene åpner 18:30

Student

kr 150,00
Priser: Fticket:200, - / Student 150 I døra: 250, - / Student 200 Konsertstart 19:00 Dørene åpner 18:30
Du trenger ikke oppdatere siden. Knappen for å bestille billetter blir automatisk aktivert når nedtellingen er ferdig.
Reservasjonen utgår om 15:00
+47

Ordreoppsummering

Billettype Antall Pris Gebyr Total